Det er i år 100 år sidan komponisten Edvard Grieg gjekk bort, og dette vert markert
med ein konsert på Fossli hotel i Eidfjord søndag 17. juni kl. 1500. Folkesongaren
Unni Løvlid og pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky vil framføre "Norske folkeviser
opus 66", eit verk som Grieg komponerte då han oppheldt seg på Fossli hotel sommaren
1896. Grieg var ven av Ola Garen, som bygde Fossli hotel, og konserten vil òg
vere ei markering av at det i år er 150 år sidan Ola Garen vart fødd.
GRIEGS OPUS 66. "Norske folkeviser opus 66" består av folketonar som Grieg tolka
og omarbeidde til klaverstykke. Dei fleste er frå Jotunheimen og mest kjend er
Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine
Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Det som gjer dette verket spesielt interessant,
er den dristige, personlege harmonikken han nyttar. Grieg skriv sjølv om korleis
han sat på Fossli og komponerte og sette "hårreisende akkordforbindelser på papiret.(...)Når
man har Vøringsfossen under seg, føler man seg mer uavhengig og våger mer enn
nede i dalen." Musikarane vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.
Nåverande hotellinnehavar Erik Garen, som sjølv er oldebarn av Ola Garen, vil
dessutan halde ei innleing der han fortel om dei mange besøka til Grieg på Fossli
og om venskapet med Ola Garen.
PIANO FRÅ GRIEGS TID. Under konserten vert det nytta eit piano som har stått
på Fossli hotel sidan Griegs tid, og som vert restaurert til konserten. Det er
naturleg å tru at Grieg har spelt på dette pianoet under sine opphald på Fossli.
Særleg interessant er det at det kjende pianostykket "Bryllupsdag på Troldhaugen"
kan ha vore skrive til ei fødselsdagsfeiring på Fossli i 1896, då med tittelen
"Gratulanterne kommer" og undertittelen "Allegretto giocoso à la Fosli".
MUSIKARANE. Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky er ute på ein lengre
turné med dette programmet til stader som Bangladesh, Jotunheimen, Oslo,
Bergen og Island. Dei representerer begge Grieg07 og er del av Grieg Force.
Løvlid er ein av våre mest etterspurde og allsidige folkesongarar. Ho vart i
fjor kåra til "Årets folkemusikkartist" på Folkelarm. Kwetzinsky er aktiv som
konsertpianist i Norge og i utlandet. Han vart i 2004 plukka ut til Rikskonsertene
sitt lanseringsprogram Intro-klassisk.
Konsertoversikt:
Søndag 17/6 – Eidfjord, Fossli hotell
Fredag 22/6 – Luster, Turtagrø hotell
Lørdag 23/6 – Vang, Eidsbugarden hotell
Søndag 24/6 – Årdal, Vetti gård (Nasjonalparkfestivalen)
Onsdag 4/7 – Siglufjörður/Island (Siglufjörður folkemusikkfestival)
Torsdag 5/7 – Hafnarfjörður/Island, Hafnarborg
Lørdag 21/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag og konsert, Gardmillom)
Søndag 22/7 - Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag, Gardmillom)
Mandag 23/7 – Lom, Spiterstulen
Tirsdag 24/7 – Lom, Leirvassbu
Fredag 27/7 – Oslo, Nasjonalgalleriet (Oslo Grieg Festival)
Lørdag 4/8 – Bergen, Troldsalen (Troldhaugens sommarkonsertserie)
|
|
Unni Løvlid
Joachim Kjelsaas Kwetzinsky, Foto: C.F. Wesenberg/kolonihaven.no
|